tirsdag 6. juli 2010

Steg for steg beskrivelse av opp-ned Dora kake

Utgangspunktet er ei Dora-kakeform frå Cacas 
Eg smurte forma med formfett (bruk pensel) og dryssa mjøl over slik at det dekte heile innsida av forma. Steikte bløtkakebunn i forma, avkjølte den i 
ti minutt før eg tok kakebunnen ut av forma. Vaska forma og tørka den godt.
Strødde kakeforma med et tynt lag mjøl, kjevla ut marsipan, la over forma og gneka deg godt ned i alle kanter og detaljer i forma. 
Ver forsiktig, det går lett hol på marsipanen... 
Legg so toppen på kaka ned i forma igjen, dekk med vaniljekrem, jordbærsylte, og evt krem. Om du har delt kakebunnen i tre lag kan du fylle neste lag med det samme som dette laget, eller evt  noko anna.
Når du er ferdig med fyllinga og har lagt nederste delen på kaka, tar du marsipanen som er på sida av forma og "dytter" den inn over kakebunnen, slik at ingen deler av marsipanen stikker ut når du skal snu kaka. 
Finn fram eit fat som passer til kaka, legg det opp-ned over forma og snu kaka over på fatet. Husk å holde hardt sammen forma og kakefaten under snuoperasjonen slik at kaka ikkje dett i golvet...

Ferdig snudd kake!! No gjenstår pyntinga....
(husk å puss av mjølet på marsipanen FØR du starta med pyntinga... )
Fordelen med å lage kaka "opp-ned" er at då viser detaljane veldig godt i marsipanen når du skal pynte, so slepp du å gjette deg til kor alle detaljane var plasserte på kaka... Eg tegna opp konturane med svart melisglasur og mala marsipanen med wilton sine kakefarger. 
Ferdig!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar