torsdag 27. mai 2010

Donald kake til min svoger

Svogeren min fyller 30 år, og det må markerast med Donald-kake!

  • Sjokoladekake med sjokoladekrem
  • Trekket er marsipan
  • Detaljane er av marsipan, 
    • Ansiktet er laga ved hjelp av puzzel-teknikk, 
    • bladene er laga ved hjelp av utstikker og preger
    • bokstavane er brukt utstikker på

fredag 21. mai 2010

Bleiekake

Bleiekake til guten til ei venninne av meg!!

Hadde lyst å lage ei spesiell barselgave til venninna mi som fikk en gut for ei stund tilbake, no va hon heime på vestlandet en tur, og DÅ kunne barselgava lagast.

Laga av:
  • 2 pakker Pampers str 3.
  • 1 Supermann nattdress
  • 1 "stinky" body
  • 1 tåteflaske med fox oppi.
  • gaveband, flagg, "drinkparaplya" og kransekakepynt
  • masse, masse gummistrikk
Beskrivelse av korleis eg skulle lage dinna bleiekaka fant eg bl.a. HER

mandag 10. mai 2010

Putekake til Systa mi

Putekake til systa mi!


Grunnen til at der står 21 og ikkje 27 (som ho egentlig er), er at då eg skulle skryte på facebook at eg laga kake til hon, so sa hon at ho vart 21 og at eg måtte ha "rekna feil" på årstallene... 
Då måtte eg "svare" på den kommentaren med å skrive 21 på kaka.
  • Sjokoladekake med sjokoladekrem, laga i firkanta kakeform, og skåret til puteform.
  • Trekket er mmf med sølvkuler.
  • Detaljane er laga av marsipan. 
    • Bladene er laga ved hjelp av blad utsikker og preger. 
    • Borda rundt er laga av en kantutstikker.
    • Rosene er laga på frihand og farga med rosa kakespray.

fredag 7. mai 2010

Skattekiste kake til en liten pirat

Tanteungen min vart 3 år, og skulle ha piratselskap.
Då måtte eg teste ut nåke eg aldri har laga før, og det va å lage skattekiste.

  • Sjokoladekake med sjokoladekrem. Platekake som er skåret ut og stabla sammen som ei skattekiste.
  • Uttapå kaka er dekt med sjokoladekrem
  • Detaljane er sølvkuler, "beslaget" er laga av marsipan, flagget er photoshoppa, og resten er masse,masse godteri..

onsdag 28. april 2010

Svampebob kake til LilleMy

Til 5 års dagen sin ville ho og ha Svampebob kake... :) og eg måtte prøve meg på den og..

  • Sjokoladeplatekake, med sjokoladekrem til fyll og glasur. Laga som platekake, delt i to og lagt over kvarandre.
  • Trekket er marshmellowfondant (mmf) farga med gul konditorfarge.
  • Detaljane er laga av mmf, slipset og buksa er malt med konditorfarge.

Dora-kake til LilleMy

Dora - kake til "lisje" jenta mi som blir 5 år.

Ho hadde ønske om Dora the explorer bursdag, so då heiv pappa`n seg rundt og bestillte ei kakeform til meg. Dette er mi fyste figurkake!!
  • Bløtkake med vaniljekrem, krem og jordbærsylte i fyllet
  • Trekket er av marsipan.
  • Dora er tegna opp med svart melisglasur, og deretter er det malt med wilton sine farger direkte på marsipanen. 

tirsdag 11. august 2009

Blå tjukkelester til LilleMy


  • Oppskrift: Hefte frå Sandnes SISU nr 0301 
  • Pinner: nr 2,5
  • Tråd: Viking Frøyagarn  (farge 723)

Raude babylester til MiniMy

No har vi fått vite at babyen i magen blir ei jente, so då måtte eg strikke jentesokker til hon.

torsdag 6. august 2009

Restegarngenser til LilleMy

I et forsøk på å bruke opp litt tråd har eg laga restegarngenser til LilleMy. 
Bolen i seg sjøl va et skikkelig feilsteg, den va ca dobbelt so vid som det vise på bildet, (sånn e det når en strikka genser uten skikkelig oppskrift), so eg måtte få litt eksperthjelp med mamma. Ho sydde en søm i sida på gensaren og klippte vekk alt som var til overs. Då vart den passelig!

Slumreteppe

Slumreteppe strikka på skrå
Eg las en eller anna gong om nåken som hadde strikka dette teppet diagonalt få skrå striper. Det hadde eg lyst å prøve. So då starta eg i et hjørne, la opp tre masker og økte kvar omgang opp til ca halve nøstet var oppbrukt, så fellte eg av ei maske i begynnelsen av kvar pinne til det var tre igjen... MEN; det som skjedde var at eg strikka meir enn halve nøstet før eg begynte å felle, og då måtte eg kjøpe eit nøste til for få teppet firkanta. Då eg fellte av var teppet alt anna enn firkanta, det var litt skeivt og skrått, trur nok eg ikkje har økt og fellt skikkelig på kvar pinne...  
Bilde henta frå
kreativehender.no
  • Tråd: Susanna (350gr) Bruntoner

  • OPPSKRIFT DIAGONALT STRIKKA SLUMRETEPPE: Legg opp 3 masker, øk 1 maske i begynnelsen av kvar pinne fram til en er ferdig med 1 nøste, start så med nøste nr 2 og fell av 1 maske i begynnelsen av kvar pinne til du står igjen med 3 masker. (Då blir det ca 180x180cm.) (garnforbruk ca 2 nøster)
  • OPPSKRIFT VANNRETT STRIKKA SLUMRETEPPE: Legg opp 130 m og strikke på pinne nr 6 (evt 110 m på pinner nr 7)